Bilete av barn
Bilete av barn i klassen og laget.
Turen var fin og bileta vart gode. Før dei vert delte, må den som deler kunne svare på tre spørsmål: Har vi samtykke? Kven ser bileta der dei hamnar? Og kan dei slettast att?
Det Datatilsynet ber om
Råda er korte, og dei gjeld òg i lukka grupper. Du deler ikkje bilete av andre sine barn utan samtykke frå dei føresette. Gruppa som tek bilete i eigen regi, er ansvarleg for dei, og samtykket må seie kva bileta skal brukast til. Datatilsynet har ein mal for samtykkeskjema de kan bruke som han er.
Barnet skal òg høyrast, og meir di eldre det vert. Seier barnet nei, er svaret nei. Og eit samtykke kan trekkjast tilbake, så eit bilete må kunne finnast att og slettast.
Til slutt ber Datatilsynet dykk vurdere kanalen bileta vert delte i: kven ser dei der, og kva vert dei brukte til.
Sjekklista
- Skaff skriftleg samtykke frå dei føresette før første deling, med tydeleg føremål. Malen over kan brukast som han er.
- Spør barnet òg, på nivået til barnet, og respekter svaret.
- Vel ein kanal der de veit kven som ser bileta, og der dei ikkje vert brukte til noko anna.
- Ha ein veg til sletting: den som ber om å få eit bilete fjerna, skal ikkje trenge å vite kor alt ligg.
- Handsam namnelister og fråvær like varsamt som bilete, for kven som ikkje var på trening er òg ei opplysning om eit barn.
Kva kanalvalet tyder
«Vurder kanalen» er rådet som oftast vert ståande utan svar, så her er spørsmåla å stille, uansett kva teneste de landar på. Veit de kven som kan sjå bileta, som ei liste med namn? Vert dei brukte til noko anna enn å visast til gruppa, til dømes reklame eller profilering? Kan søkjemotorar finne dei? Og vert dei faktisk borte når de slettar dei?
Ein open straum svarar dårleg på alle fire. Ein lukka krins med ei liste de styrer sjølve, svarar godt.
Slik svarar kauke
- Tilgangslista er kanalen. Berre dei som står på lista ser bileta, og sidene vert aldri indekserte av søkjemotorar.
- Bileta vert ikkje brukte til noko anna. Ingen reklame, inga profilering, og vi sel ikkje data.
- Sletting er ei handling, ikkje ein søknad. Ein ansvarleg kan når som helst slette eit bilete eller fjerne tilgangen til ein person.
- Føresette er med utan omveg. Dei vert inviterte med e-postadresse eller mobilnummer, loggar inn med ei lenke på e-post eller med Vipps, og svarar for barna sine på arrangement.
- Dataa vert lagra i Europa. Meir om kva vi lagrar og kvifor står på personvernsida.
Det kauke ikkje løyser
Samtykka er framleis dykkar. kauke veit ikkje kven som har samtykt til kva, så skjemaa og oversikta må gruppa halde sjølv, og den som legg ut eit bilete må vite at samtykket finst. Og eit bilete som er lasta ned til telefonen til nokon, er utanfor kontrollen til alle tenester. Del deretter, òg her.