Vanlege spørsmål
Det folk spør om først.
Finn du ikkje svaret, send ein e-post til kontakt@kauke.no, så svarar vi.
Kva kostar kauke?
Gratisplanen er ein fast plan, ikkje ein prøveperiode. Han gir 500 MB lagring og video på inntil 3 minutt, og alt anna er med: så mange medlemmer, innlegg og arrangement de vil. Treng de meir plass, kostar den betalte planen 1500 kr i året per gruppe, inkludert mva.
Kven kan sjå det vi legg ut?
Berre dei som står på tilgangslista til gruppa. Sidene blir aldri indekserte av søkjemotorar, og det finst inga hemmeleg lenke som slepp andre inn: når du loggar inn, sjekkar vi at du står på lista.
Treng vi ein app?
Nei. kauke er ei nettside og fungerer i nettlesaren på mobil og PC. Du kan slå på varsel, så seier telefonen frå når det kjem noko nytt, og du kan leggje kauke på heimskjermen om du vil ha han som eit ikon. Det er ingenting å installere.
Kan vi bruke kauke i staden for ei Facebook-gruppe?
Det er det dei fleste gjer. Skilnaden er at innhaldet er privat, at ingen treng ein Facebook-konto for å vere med, og at innlegga blir liggjande i rekkjefølgje i staden for å forsvinne nedover ein straum. Det er ingen reklame og ingen algoritme som bestemmer kven som ser kva.
Heile samanlikninga, med det kauke ikkje gjer
Kan vi dele bilete av barna i gruppa?
Ja, det er ein av grunnane til at kauke finst. Bileta blir berre viste for dei som står på tilgangslista, dei blir ikkje brukte til noko anna, og ein ansvarleg kan slette dei. Samtykke frå dei føresette må de framleis ha, og barnet skal høyrast. Kva som må vere på plass står samla på ei eiga side.
Korleis inviterer vi medlemmene?
Leiarane legg inn e-postadresser eller telefonnummer, anten éin og éin, ved å lime inn ei liste, eller frå kontaktkorta på telefonen. Den som er invitert loggar inn med e-posten hen blei invitert med, eller med Vipps viss det var telefonnummeret, og får tilgang med éin gong. Det er ikkje noko passord å hugse eller dele ut.
Kan føresette svare for barna sine?
Ja. På eit arrangement kan ein føresett svare ja, nei eller kanskje for barnet sitt, utan at barnet treng ein eigen konto.
Kva skjer om vi sluttar å betale?
Gruppa går tilbake til gratisplanen, og innhaldet blir liggjande. Har de lagra meir enn gratisplanen rommar, får de ikkje lasta opp nytt før de har sletta noko, men alt som ligg der frå før er framleis synleg. Vi slettar aldri noko for dykk.
Kor blir innhaldet vårt lagra?
Hos ein driftsleverandør i Europa. Vi sel ikkje data, vi bruker ingen informasjonskapslar til sporing, og vi deler ikkje innhald med andre tenester for marknadsføring.
Kan vi få ut innhaldet vårt igjen?
Kvar enkelt kan laste ned sine eigne data frå Min konto, med innlegg, kommentarar og svar. Ein ansvarleg kan laste ned heile gruppa frå innstillingane: alle innlegg, bilete, videoar og vedlegg i éi zip-fil, med sider som kan lesast utan nett.
Kva skjer om den einaste administratoren forsvinn?
Då kan gruppa ordne det sjølv. Når ingen admin har logga inn på 30 dagar, får medlemmene høve til å be om å bli admin nedst på sida til gruppa. Eitt medlem til må støtte førespurnaden. Administratorane får beskjed og kan godkjenne eller avslå med eitt klikk, og går det 30 nye dagar utan at nokon admin loggar inn, blir førespurnaden godkjend av seg sjølv. Den som tek over må vere stadfesta på same måte som administratorane i dag, så ei gruppe grunnlagd med Vipps får ein ny admin med Vipps. Det finst inga eigar-rolle: ei gruppe høyrer til gruppa, ikkje til den som oppretta ho.
Må alle ha Vipps?
Nei. Berre den som set opp ei gruppe eller lagar eit arrangement stadfestar seg med Vipps, éin gong, fordi hen blir ansvarleg for opplysningane til dei som blir inviterte. Ei avrøysting om dato krev berre innlogging med e-post. Alle andre loggar inn med e-post, eller med Vipps viss dei blei inviterte med telefonnummer.
Kostar det noko å invitere på SMS?
Berre når du sjølv vel det. I eit frittståande arrangement kan du sende invitasjonen som tekstmelding til dei som står med eit telefonnummer: 3 kr per utsending pluss 1 kr per mottakar, betalt med Vipps eller kort. Medlemmer i ei gruppe får aldri tekstmelding frå kauke.