Om tenesta
Ein roleg, privat plass for gruppa di og arrangementa dine.
kauke er ein privat stad for grupper og arrangement.
- Del innlegg og bilete med medlemmene og dei inviterte.
- Planlegg ei samling, og sjå kven som kjem.
Kva er kauke?
«Kauke» tyder å rope. Her kan du rope ut bodskap til dei som vil høyre. Ei gruppe får sin eigen private blogg, til dømes kauke.no/korpsklang, der leiinga kan leggje ut bilete, arrangement og beskjedar. Berre inviterte ser innhaldet. Om de er foreldra i ein klasse eller eit burettslag, fungerer det likt.
Bruker de ei Facebook-gruppe i dag, står ei samanlikning med kauke på sida om Facebook-grupper.
Ved sida av chatten
Dei fleste grupper har ein chat, og den skal ingen ta frå dykk, for den raske praten høyrer heime der. Det chatten ikkje kan, er å ta vare på noko: beskjeden med frist druknar, og bileta frå turen blir borte oppover i straumen. kauke er staden for det som skal bli liggjande. Innlegga står i rekkjefølgje, så etter eit år har gruppa ei historie å bla i, og vi slettar aldri noko for dykk.
Arrangement
Eit arrangement kan vere ein tur, ein konsert, ein dugnad eller ein fest, med dato, stad og påmelding. Inviterte svarar ja, nei eller kanskje, og føresette kan svare for barna sine. Du kan knyte eit arrangement til ei gruppe, eller lage det heilt for seg sjølv og invitere folk direkte, utan at det treng ei fast gruppe. Skal du invitere til noko eige, står meir på sida om invitasjonar.
Kven kan sjå innhaldet?
Berre personar som står på tilgangslista. Når du loggar inn, sjekkar vi at du står på lista. Elles ser du ingenting eller ei offentleg oppsummering.
- Leiarane inviterer medlemmer og føresette.
- Du loggar inn med e-posten du blei invitert med, utan passord å hugse. Har du ikkje konto, lagar vi han når du loggar inn.
- Meiner du at du skal ha tilgang? Be om det, så ser ein ansvarleg over førespurnaden.
Personvern er ein funksjon
Vi lagrar så lite som mogleg, berre det som trengst for tilgangskontroll. Ein ansvarleg kan når som helst fjerne tilgangen til ein person eller slette eit bilete.
Det er ingen reklame her, og innhaldet blir ikkje brukt til noko anna enn å visast til gruppa. Dataa blir lagra i Europa. Deler de bilete av barn, står det som må vere på plass først på sida om bilete av barn.
Importer berre dei som faktisk skal ha tilgang, og del ikkje meir enn gruppa treng.
Kva det kostar
Gratisplanen er ein fast plan, ikkje ein prøveperiode, og mange grupper treng aldri noko anna. Treng de meir lagringsplass, kostar den betalte planen 1500 kr i året per gruppe. Sjå prisane for kva som er med i kvar av dei.
Kom i gang
Vil du lage ei side for ei gruppe, eller planleggje eit enkelt arrangement? Begge delar tek eit par minutt. Å opprette ei gruppe eller eit arrangement gjer deg ansvarleg for opplysningane til dei du inviterer, så det krev at du stadfestar deg med Vipps éin gong. Ei avrøysting om dato krev berre e-post. Lurer du på noko først, står svara på vanlege spørsmål. Og er du klassekontakt, står ei ferdig oppskrift på sida for klassekontaktar.
Kontakt
Tenesta blir driven av Steinholm Software, org.nr 935 251 419, Ole Vigs vei 4, 7043 Trondheim. Send ein e-post til kontakt@kauke.no, så svarar vi. Skal de kjøpe meir plass, står det formelle i salsvilkåra.