Personvern
Vi lagrar så lite som mogleg.
kauke er bygd for å halde innhald privat. Det de deler i ei gruppe eller eit arrangement er aldri offentleg og blir aldri indeksert av søkjemotorar, og vi sporar deg ikkje på tvers av nettet.
Tenesta blir driven av Steinholm Software, org.nr 935 251 419.
Kva vi lagrar
- Kontoen din: namn, og e-post eller telefonnummer. Dette bruker vi berre til å gi deg tilgang til gruppene og arrangementa du er invitert til. Stadfestar du deg med Vipps, lagrar vi også Vipps sin id for deg, så vi kjenner deg att neste gong.
- Innhald du deler: innlegg, bilete, video, vedlegg, kommentarar og svar på arrangement. Svarar du på eit ope arrangement utan konto, lagrar vi berre namnet du skreiv inn.
- Innloggingar: tidspunkt og metode, slik at ein ansvarleg kan sjå aktivitet i si eiga gruppe. Kvar gruppe har også ein logg over kva dei ansvarlege har gjort, med namn.
- Kva du har opna: at du har opna eit innlegg eller eit arrangement, og når. Sjå «Kven ser at du har lese» nedanfor.
- Varsel på telefonen: slår du dei på, lagrar vi ei adresse for akkurat den eininga, og ingenting anna om henne. Du slår dei av igjen på Min konto.
Kven ser innhaldet
Berre personar som står på tilgangslista til ei gruppe eller eit arrangement. Når du loggar inn, sjekkar vi at du står på lista. Det finst inga «hemmeleg lenke», og sidene blir aldri indekserte av søkjemotorar.
Kven ser at du har lese
Redaktørane og administratorane i ei gruppe kan sjå kven som har opna eit innlegg eller eit arrangement. Det er slik dei veit om ein beskjed nådde fram. Andre medlemmer ser det ikkje, verken namn eller tal. Ei gruppe kan slå det av i innstillingane sine, og då blir ingenting registrert. På eit frittståande arrangement er det arrangøren som ser det, på si eiga gjesteliste. Vi lagrar berre at du opna noko, og når. Ikkje kor lenge du var der, og ikkje kor mange gonger du kom tilbake. Det blir sletta etter 90 dagar. Du finn di eiga oversikt i datanedlastinga på Min konto.
Informasjonskapslar
Vi bruker ingen informasjonskapslar til sporing eller statistikk. Vi lagrar éin for innlogginga di. Vel du lys eller mørk kauke, eller norsk eller engelsk, i botnteksten, lagrar vi valet i ein til. Han inneheld berre valet, ligg på eininga du sit ved, og varer i eitt år. Vel du «Følg systemet», slettar vi han. Svarar du på eit arrangement utan å logge inn, får du ein som hugsar at det var deg, så du kan endre svaret ditt seinare. Og seier du nei takk til varsel på telefonen, hugsar vi det i ein, så vi ikkje spør igjen.
Kven vi deler med
Vi sel ikkje data, og vi deler ikkje innhald med andre tenester for marknadsføring. For å drifte tenesta bruker vi nokre få underleverandørar, og dei behandlar berre det som trengst for å levere henne: ein driftsleverandør som lagrar dataa i Europa, ei e-postteneste som sender innloggingslenker og invitasjonar, og ei som tek imot e-post sendt til ei invitasjonsadresse. Stadfestar du deg med Vipps, får vi namn og telefonnummer frå Vipps. Slår du på varsel på ein iPhone, går beskjeden om at noko har skjedd gjennom Apple, utan namn og utan innhald. Skriv du inn ei adresse på eit arrangement, slår serveren vår henne opp i det opne registeret til Kartverket, så nettlesaren din snakkar aldri med dei.
Kor lenge
Vi lagrar opplysningane så lenge du har ein konto eller står på lista til ei gruppe. Slettar du kontoen din, fjernar vi opplysningane dine. Innlegg og kommentarar du har skrive, kan bli ståande utan namn, slik at ein samtale andre har delteke i, heng saman.
Rettane dine
På Min konto kan du når som helst laste ned ein kopi av dataa dine eller slette kontoen. Er du den einaste ansvarlege i ei gruppe eller for eit arrangement, må du gi nokon andre rolla først, for ei gruppe kan ikkje stå utan. Vil du rette noko, eller lurer du på kva vi har lagra, kan du ta kontakt.
For grupper og leiarar
Når du set opp ei gruppe, bestemmer du kven som får tilgang og kva som blir delt. Då er du ansvarleg for opplysningane på lista di, og kauke behandlar dei på dine vegner. Importer ikkje fleire enn du må, og gi tilgang berre til inviterte. Det gjeld særleg når innhaldet er bilete av barn. Kva som då må vere på plass, med samtykke og kanalval, står på sida om bilete av barn.
Kontakt
Har du spørsmål om personvern, eller vil du be om innsyn, retting eller sletting? Send ein e-post til kontakt@kauke.no, så hjelper vi deg.