Invitasjonar
Digital invitasjon med svarfrist og gjesteliste.
Invitasjonen er den enkle delen. Jobben er svara: kven som kjem, kven som ikkje har svart, og kven du må purre på. kauke er laga for den delen.
Ei eiga side for høvet
Eit bryllaup eller ein konfirmasjon samlar folk som ikkje står i noka felles gruppe frå før. Difor er arrangementet si eiga private side, med eiga gjesteliste: berre dei inviterte ser henne, og ho vert aldri indeksert av søkjemotorar. Lag henne med dato, stad og ei skildring. Adressa vert ei kartlenke, og gjestene kan leggje datoen rett i kalenderen sin.
Legg inn gjestelista og send invitasjonane på e-post. Gjestene svarar ja, nei eller kanskje, utan passord og utan å lage konto på førehand, og gjester med berre mobilnummer slepp inn når dei loggar inn med Vipps.
Svarfristen gjer jobben
Set ein frist, så ser du heile tida kven som har svart kva, og kven som ikkje har svart. Påminninga går berre til dei som ikkje har svart, så ingen vert purra utan grunn.
Har de ikkje datoen enno?
Start med ei datoavrøysting: føreslå nokre tidspunkt og send éi lenke, så røystar folk på det som passar. Dei som får lenka, svarar med berre eit namn. Når datoen er vald, er arrangementet allereie i gang. Finn ei tid som passar.
Påmelding med lenke
For ein klassefest eller eit jubileum kan du heller dele ei påmeldingslenke: den som trykkjer «Bli med», set seg sjølv på gjestelista. Lenka har eit tak og ein utløpsdato, og du får eit varsel kvar gong nokon vert med, så lista aldri veks i det stille.
Ønskeliste
Skriv opp det de ønskjer dykk, så kryssar gjestene av for kva dei tek. Dei andre ser at eit ønske er teke, men aldri av kven, så to av dei kjem ikkje med det same. Du som arrangerer ser ingenting av avkryssinga før dagen er over. Då kan du opne lista, og sjå kven som gav kva til takkekorta.
Før og etter dagen
Programmet kan liggje på sida som PDF før dagen. Etterpå kan de dele bileta og videoane same stad, i innlegg berre gjestene ser, og gjestene kan skrive i tråden. Ingenting hamnar i ein offentleg straum, og ingenting vert sletta av seg sjølv.
Planlegg de saman?
Står ein komité eller ein toastmaster bak dagen, kan dei ha si eiga gruppe på kauke ved sida av arrangementet. Der bur referata og budsjettet som vedlegg, praten i kommentarfelta, og planleggingsmøta som eigne arrangement. Gjestene ser aldri noko av det, og talane held fram med å vere ei overrasking.
Kva det kostar
Ingenting. Eit arrangement har 500 MB til bilete, video og vedlegg, og det er ingen reklame. Du stadfestar deg med Vipps éin gong når du opprettar; gjestene treng berre e-posten sin.
Kva kauke ikkje gjer
- Ingen designmalar. Invitasjonen er ei ryddig side med bilete, ikkje eit kort med kalligrafi. Skal invitasjonen trykkjast på papir, er andre betre på det.
- Gjestene loggar inn for å svare. Utan innlogging veit du ikkje kven av gjestene «Kari» er, så svaret krev innlogging med e-post, utan passord. Vil du at folk skal kunne svare heilt utan innlogging, med berre eit namn, kan du opne for det etterpå frå sida til arrangementet.
- Ingen verktøy for resten av planlegginga. Bordkartet kan liggje på sida som PDF, men gjestene kan berre lese det. kauke held styr på kven som kjem, og på ønskelista.
Kom i gang
Lag arrangementet, legg inn gjestene, og send invitasjonane. Det tek nokre minutt, og du stadfestar deg med Vipps éin gong. Alle som opprettar ei gruppe eller eit arrangement på kauke gjer det, så ein invitasjon herifrå er verd å opne.