Denne siden finnes også på bokmål.

For klassekontaktar

Vart du klassekontakt? Her er det praktiske.

Jobben er tre ting: beskjedar som når alle foreldra, svar før fristen, og bilete som vert delte med samtykke. Her er ein måte å rigge det på som tek eit kvarter.

Chatten held de på

Klassen har sikkert ein gruppechat, og han skal ingen ta frå dykk, for den raske praten høyrer heime der. Men beskjeden om fotografering på torsdag druknar i han, og bileta frå klasseturen vert borte oppover i straumen. kauke er ei privat side for det som skal verte liggjande: beskjedane, arrangementa og bileta. Berre dei inviterte ser innhaldet, og det vert aldri indeksert av søkjemotorar.

Slik set du opp gruppa

  1. Set opp gruppa på kauke.no/ny, og vel eit namn som toler neste skuleår òg, til dømes avgangsåret: kauke.no/nordbyen-2031. Du stadfestar deg med Vipps éin gong. Alle som opprettar ei gruppe eller eit arrangement på kauke gjer det, så ein invitasjon herifrå er verd å opne.
  2. Lim inn lista over foreldre, e-postadresser eller mobilnummer, sjå over kva kauke fann, og send invitasjonane med éin knapp. Kvar forelder loggar inn med e-posten hen vart invitert med, utan passord og utan å lage konto på førehand.
  3. Skriv det første innlegget: kven du er, kva sida skal brukast til, og at chatten lever vidare som før.
  4. Legg inn det første arrangementet med svarfrist, gjerne foreldremøtet. Føresette svarar for barna sine, du ser kven som ikkje har svart, og du kan sende ei påminning til akkurat dei.

Nådde beskjeden fram?

I chatten veit du aldri om beskjeden nådde alle. Her ser du det: på eit innlegg står «Sett av 14 av 21», og talet er det berre du og dei andre som organiserer som ser. Då veit du om det held å vente, eller om du må purre. Foreldra ser aldri kva kvarandre har lese.

Bileta frå klassen

Bilete av barna kan delast her, for berre dei inviterte ser dei, og dei vert ikkje brukte til noko anna. Samtykka må likevel vere på plass først. Kva som krevst, og kva de bør sjå etter i valet av kanal, står på sida om bilete av barn.

Kva det kostar

For ein klasse er det gratis. Gratisplanen er ein fast plan med 500 MB lagring, ikkje ein prøveperiode, og ei foreldregruppe med beskjedar og bilete held seg innanfor lenge. Treng de meir plass seinare, står det på prissida.

Neste skuleår

Klassen består, men lista endrar seg. Nye foreldre vert inviterte inn, og dei som sluttar vert tekne av lista og ser ikkje lenger noko. Historia vert liggjande for dei som er att, og vi slettar aldri noko for dykk.

Set opp gruppa Vanlege spørsmål