Denne siden finnes også på bokmål.

I staden for Facebook

Alternativ til Facebook-gruppe for foreldregrupper og lag.

Mange foreldregrupper og lag byrjar med ei Facebook-gruppe, og for mange held det lenge. Her er det som kan skurre med å bruke Facebook.

Kva ei Facebook-gruppe er god til

Ein klar fordel med Facebook er at dei fleste er der frå før, noko som gjer det enkelt å kome i gang. Det kostar ingenting. Mange er innom fleire gonger om dagen uansett, så ein beskjed når som regel fram.

Algoritmestraumen

Det som gjer ei Facebook-gruppe vanskeleg å kome unna er ikkje at Facebook er dårleg. Det er at dei to tinga heng saman. Skal du få med deg kva som skjer i klassen eller på laget til barnet ditt, må du vere der, og er du der, følgjer den algoritmestyrte nyhendestraumen med: ei rekkjefølgje du ikkje ser, sett saman for å halde deg der lengst mogleg. Vi er flinke til å åtvare mot å la barn få for mykje skjermtid, men vaksne kan slite like mykje med at merksemda vert kapra av sosiale medium. Å stå utanfor kostar deg beskjedane. Å vere med utset deg for ei teneste som er optimalisert for å vere avhengnadsskapande.

Ein straum som rangerer etter kva som engasjerer, kan påverkast av nokon som veit korleis. Det er ikkje ein feil som kan rettast, det er innebygd i eit slikt system, og det gjeld uansett kor godt dei som driv plattforma meiner det. Då er det uheldig at den same staden er halvvegs obligatorisk. Bur du i eit burettslag som har gruppa si der, eller har du barn i ein klasse som har det, er det ikkje eigentleg eit val. Ein stad folk må vere for å henge med, er òg ein stad som kan brukast til sosial manipulasjon, desinformasjonskampanjar og politisk propaganda.

Sosiale grupper treng ikkje liggje på eit sosialt medium. Ei lukka side som kauke gjer jobben like bra utan ulempene. Du får med deg det gruppa legg ut, og så er det ikkje meir. Det er ingen straum å verte verande i, ingen forslag om kva du elles burde sjå, og ingen som måler kor lenge du vart.

Kor det skurrar

  • Dei fleste er ikkje alle. Føresette som har slutta med Facebook, og medlemmer som aldri byrja, fell utanfor. Dei får beskjeden vidare av nokon andre, eller ikkje i det heile.
  • Rekkjefølgja vert bestemt for dykk. Ein straum vert sortert etter kva som engasjerer, ikkje etter kva som er viktig. Ein beskjed om oppmøte klokka sju kan hamne under ein morosam kommentar frå førre veke.
  • Ingenting er til å finne att. Bileta frå 17. mai i fjor ligg ein stad lenger nede. I praksis er dei borte.
  • Bilete av barn ligg hos nokon andre. De bestemmer ikkje kva dei vert brukte til, og ei gruppe som er «lukka» er lukka for andre brukarar, ikkje for plattforma. Det som uansett må vere på plass før slike bilete vert delte, står på sida om bilete av barn.
  • Svar er ikkje svar. Eit hjarte på eit innlegg fortel ikkje kven som kjem på turen, og «Skal du?» i kommentarfeltet gjev inga liste over kven som ikkje har svart.
  • De eig ikkje noko av det. Vert gruppa borte, eller vert den som oppretta henne borte, er alt saman borte.

Slik gjer kauke det

  • Eiga adresse. Gruppa får si eiga side, til dømes kauke.no/korpsklang. Berre dei som står på lista ser noko, og sida vert aldri indeksert av søkjemotorar.
  • Ingen konto å lage. Den som er invitert loggar inn med e-posten hen vart invitert med, utan passord. Ingen app å installere.
  • Innlegga vert liggjande, i rekkjefølgje, med bileta i. Etter eit år har gruppa ei historie å bla i.
  • Arrangement med ordentlege svar. Ja, nei eller kanskje, med svarfrist, og ei liste over kven som ikkje har svart. Føresette svarar for barna sine.
  • Video ligg hos dykk. Opptaket frå konserten vert lasta opp i innlegget, ikkje til ei offentleg strøymeteneste.

Kva kauke ikkje gjer

Det er éin ting Facebook gjer som kauke ikkje kan gjere noko med: det er ikkje der folk allereie er. Folk må vere villige til å ta i bruk ei ny teneste. Det er ikkje så vanskeleg i praksis, men det kan vere ein mental barriere for nokon.

  • Varsel kjem på e-post, og kvar enkelt vel sjølv kor ofte, eller slår dei av. Varsel på telefonen får ingen utan å ha bede om det.
  • Det er ingen chat. Kommentarar høyrer til eit innlegg eller eit arrangement.
  • Nokon må invitere folk. Ingen finn dykk ved eit uhell, og det er meininga, men det er òg arbeid første gongen.
  • Det er ikkje eit medlemssystem. Kontingent, medlemsregister og innrapportering høyrer heime ein annan stad.

Har de allereie eit medlemssystem?

Mange korps og kor har det, gratis gjennom forbundet sitt, og då er arrangement, medlemsregister og beskjedar frå leiinga dekte. Det dei fleste likevel bruker Facebook til, er turen og bileta. Då er det bloggen som manglar ved sida av, og det er den kauke er. Ei foreldregruppe i ein klasse har sjeldan noko slikt system i det heile, og då gjer kauke begge delar.

Kan vi bruke begge delar?

Ja, gjer det som passar best for dykk. La til dømes den lause praten verte på Facebook, og legg det som skal vere til å finne att i kauke: bileta, beskjedane frå leiinga og arrangementa. Då slepp de å flytte alle på éin gong, og dei som ikkje er på Facebook er likevel med på det som betyr noko.

Kva det kostar

Gratisplanen gjev 500 MB lagring og video på inntil 3 minutt, og han går ikkje ut. Treng de meir plass, kostar den betalte planen 1500 kr i året for heile gruppa. Det er ingen reklame i nokon av dei. Sjå prisane.

Slik kjem de i gang

Set opp gruppa, vel adressa, og inviter styret først. Legg ut eitt innlegg med bilete frå sist de spela, og send lenka til resten. Det tek eit par minutt, og du stadfestar deg med Vipps éin gong fordi du vert ansvarleg for opplysningane til dei du inviterer. Er du klassekontakt, står ei eiga oppskrift på sida for klassekontaktar.

Set opp ei gruppe Vanlege spørsmål